Psykisk helse er framleis lavstatus i mange lavinntektsland
Av Frode Forland, for tida utsendt frå FHI sitt program for å styrke folkehelseinstitusjonar (BIS) til Africa CDC, Addis Abeba.

Det afrikanske folkehelseinstituttet, eller Africa CDC har sett mental helse på dagsorden. Ein
strategisk plan for ikkje-smittsame sjukdommar, skader og mental helse er vedtatt og skal
gjennomførast. I denne har mental helse fått mykje plass. For å støtte dette arbeidet, er det
etablert ei overordna rådgjevingsgruppe med representantar frå 12 land i Afrika. Om lag
halvparten av desse kjem frå psykisk helse feltet. Hovudpunkta i planen er:
1. Prioritering av mental helse i nasjonale helseplanar, inkludert tema som overvaking,
arbeid med lovgjeving, og psykisk helse i samband med kriser.
2. Arbeid med å påverke politikarar for å få slutt på stigma, utstøyting og
kriminalisering, og for å få psykisk helse inkludert som tema i all politikk.
3. Tverr-sektorielt samarbeid, forsking og leiarskap for mental helse.
4. Utdanning og kapasitetsbygging for helsepersonell.
5. Finansiering av feltet.

Korona-pandemien har gitt auka forståing for psykisk helse i samband med andre kriser. 
Arbeidet med mental helse og psykososial støtte i kriser har lang tradisjon blant dei som
jobbar med humanitære aksjonar, og i mindre grad blant dei som jobbar med smittevern,
utbrot og pandemiar. Koronapandemien har for alvor vist kor integrert dette arbeidet må
vere. Korona-pandemien var ein «syndemi» der ei rekke underliggande faktorar påverka
sjansen for eit godt eller dårleg resultat om ein blei smitta. Dette er knytt til kroniske
sjukdommar, psykisk helse og underliggande ulikskap mellom grupper og sosiale klasser i
samfunnet.

Etter sjølv å ha stått i korona-respons-linja på FHI i 2,5 år, trur eg at Norge har mykje å lære
på dette området. Det står lite om psykososial støtte i dei norske pandemiplanane og i
regelverket for smittsame sjukdommar og pandemiar. Vi har snakka om barn og unge og
innvandrarar, og om særskilt sårbare grupper, men det er langt igjen før psykisk helse og
psykososial støtte er ein fullt integrert del av plan og gjennomføring av beredskapen i Norge.
Både den andre og den tredje Koronakommisjonen peikar på at barn og unge fekk tunge
bører å bere under pandemien, ikkje minst på det psykososiale området. 
Ord som stigma, einsemd, angst, redsel, sjølvmord, isolasjon, depresjon, barn og unge,
gamle, migrantar, fødsel og graviditet, død og gravferd er berre nokre stikkord knytt til både
korona og ebola.

Organiseringa av helsetenester og helsesystem har i for stor grad vore styrt av sjukdommar
og diagnosar. Det same gjeld dei store fonda som finansierer global helse. Dette reflekterer
arbeidsmåten i spesialisthelsetenesta, og ikkje korleis ein jobbar i primærhelsetenesta og i
ute i lokalsamfunn. For å bygge god beredskap må ein ha system som kan handtere alle
sjukdommar på alle nivå til ei kvar tid. Vi treng personell som kan vere førstelinje-mottak for
diagnose og behandling både for smittsame og ikkje-smittsame sjukdommar, psykisk helse
og kriser både i Afrika og i Norge. I Afrika heiter det, community health workers, community
health nurses and community doctors.
Som distriktslege i Zimbabwe opplevde eg at psykisk helse var ein del av kvardagen med
tema som:
– Sjølvmord – pga inntak av plantevernmiddel
– Epilepsi – fordi dei ikkje hadde fått adekvat behandling
– Vald i nære relasjonar – barn og kvinner slått av sine fedre og ektemenn, ofte knytt
til bruk av rusmiddel
– Langtkomne psykosar og delir – pga mangelfull tilgang til medisinar og behandling
– Forkomne personar i lokalmiljøet – utan klede, utan mat og medisinar

Gatebiletet i Addis, der eg jobbar no, er prega av rask rikdom hjå nokre, tett biltrafikk og
ditto forureining, men og av stor fattigdom blant mange, – barn, halte, blinde og lamme som
tiggar til livets opphald, folk som søv på gata, og andre som livnærer ved den store
søppelfyllinga. Interne og eksterne flyktningar kjem til storbyen på grunn av konflikt i fleire
regionar av Etiopia, og no krig i nabolandet Sudan.
Konflikt, Klima og Korona (som døme på pandemi) utgjer store folkehelseutfordringar. Dei er
samstundes globale og lokale, og forsterkar underliggande ulikskap og sårbarhet blant
pasientar og lokalsamfunn.

For å kunne bistå det Globale Sør i dette arbeidet må vi lytte lenge nok til å forstå deira
perspektiv som vi ønskjer å hjelpe. Alt for mykje bistand og pengar frå det Globale Nord har
kome gjennom vertikale program med sterke føringar for kva som skal prioriterast og korleis
arbeid og rapportering skal foregå. Mykje av dette har ikkje støtta oppbygging av sterke
lokale helsesystem, personell og institusjonar i Sør. Arbeidet med ‘Future Global Health
Initiatives’ har som mål å gjennomgå roller og ansvar for dei store globale helsefonda, kan
vonleg vere med og gje innspel til endring av denne retninga.

https://wellcome.org/what-we-do/our-work/future-global-health-initiatives-process

FHI sitt bidrag er å inngå i langvarige, respektfulle partnarskap med folkehelseinstitusjonar i
sør. Det norske folkehelseinstituttet vart etablert med bistandsmidlar frå Rockefeller
Foundation for ca 100 år sidan. Den eine dagen er vi hjelparar, den andre dagen treng vi
hjelp!